Studentar i samskapingsprosess om levekårsutfordringar i Agder

Hausten 2020 har rundt 30 studentar i masterstudiet innovasjon og kunnskapsutvikling gjennomført samskapingsemnet «Innovasjon i offentleg sektor». I samarbeid med Agder fylkeskommune har tilsette frå fylkeskommunen og masterstudentane hatt ein samskapingsprosess der dei har forslag til løysingar på korleis fylkeskommunen kan tilnærma seg levekårsproblematikken i åra framover.

I samskapingsprosessen skal studentane frå masterstudiet kople teori og praksis gjennom gjensidig dialog med tilsette i fylkeskommunen. Prosessen starta med ein presentasjon av Agder fylkeskommune om tematikken, etterfølgt av workshop med tilsette frå fylkeskommunen og studentar frå innovasjon og kunnskapsutvikling. Målet for workshopen var å auke forståing og refleksjon rundt samskaping og levekårsutfordringar for både studentane og tilsette frå fylkeskommunen. Workshopen følgde metoden «World Cafe» der studentane blei fordelt i grupper, gruppene reflekterte rundt seks ulike spørsmål knytt til samskaping og levekår og mellom spørsmåla forflytta dei tilsette frå fylkeskommunen seg mellom dei ulike gruppene av studentar. Kvar gruppe fekk dermed reflektert rundt spørsmåla og tematikken med alle deltakarane frå fylkeskommunen. Både studentar og dei tilsette frå fylkeskommunen var engasjerte og gav uttrykk for at timane hadde vært spennande og innhaldsrike.

Vidare i samskapingsprosessen jobba studentane i grupper for å finne løysingar på leveårsutfordringane og avslutta det heile med presentasjonar av sitt arbeid. Resultata frå samskapingsprosessen kan Agder Fylkeskommune nytte til å forbetre levekårsutfordringar i regionen. På denne måten har studentane gjennom samskapingsemnet, gitt innspel til Agder Fylkeskommune og bidratt til å løyse samfunnsutfordringar knytt til levekårsproblematikken i Agder.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *