I løpet av masterstudiet mitt i innovasjon og kunnskapsutvikling fekk eg moglegheit til å opparbeide meg relevant erfaring og bidra i arbeidet med næringsutvikling i Grimstad kommune. Der fekk eg innblikk i kva kommunar gjer for å skape næringsutvikling og korleis dette arbeidet kan bidra til å løyse samfunnsutfordringar. Det har også styrka min faglege kunnskap og praktisk forståing knytt til næringsutvikling.
Grimstad kommune har mange pågåande prosjekt som bidrar til næringsutvikling i kommunen. Hausten 2020 hadde eg internship i Grimstad kommune og blei involvert i fleire delprosjekt som var ein del av Grimstad Hele Året, deriblant Universitetsbyen Grimstad, Destinasjon Grimstad og Sjøørret Sørlandet. Grimstad Hele Året er eit samarbeidsprosjekt mellom Grimstad kommune, Grimstad Min By, Grimstad Næringsforening, Gårdeierforeningen og Grimstad Håndverk- og Industriforening, med mål om å styrke Grimstad sin identitet og attraktivitet for innbyggarar, næringsliv og besøkande. Gjennom arbeidet med samarbeidsprosjektet og delprosjekta, har eg fått ein breiare forståing for kva næringsutvikling er. Ein kan seie at næringsutvikling er å skape fleire arbeidsplassar, men det er mange måtar å gjere dette på mellom anna gjennom å skape «levande» byar, tilbod for reiseliv og bidra til berekraftigheit.
Universitetsbyen Grimstad har mål om å skape ein attraktiv studentby for studentane i Grimstad samt bidra til å gjere det attraktivt for studentane å busette seg og arbeide her etter ferdige studiar. Destinasjon Grimstad rettar seg mot reiselivsnæringa, og skal bidra til å auke mengda turistar og utvikle Grimstad som reiselivsdestinasjon. Sjøørret Sørlandet handlar om restaurering av kystvassdraga, berekraftig næringsmoglegheiter og læringsarena for born og unge. På ulike måtar bidrar desse delprosjekta til næringsutvikling med ulikt formål.
Delprosjektet Sjøørret Sørlandet er inspirert av restaureringsprosjektet i Danmark der sportsfiske etter sjøørret har blitt ein viktig næringsveg som genererer store inntekter. I prosjektet jobba eg mellom anna med undervisning på barneskular i kryssingspunktet mellom økonomisk og miljømessig berekraft og fiske. Der fekk klassane utlevert bekkar og elver som dei skulle ha ansvar for å restaurere, slik at sjøørretten fekk gode yte- og levekår. Dette bidrar til at barna frå ein ung alder, lærer å ta vare på miljøet og sikre eit berekraftig og mangfaldig dyreliv i vatnet. I denne anledning arrangerte eg og min medstudent eit fiskekurs for studentar, slik at dei også kunne få kunnskap om prosjektet og viktigheita av dette arbeidet som blir gjort i Grimstad kommune og dei andre samarbeidskommunane. Gjennom fiskekurset utforska vi moglegheitene for ytlegare samarbeid mellom Universitetet i Agder og Sjøørret Sørlandet, i tillegg aktiviserte vi den unge befolkninga til å ta hand om miljøutfordringar i sitt lokale miljø og bidra til å styrke ein berekraftig utvikling av liv i vatn.
Gjennom arbeidet med desse tre delprosjekta har eg sett ulike aspekt ved næringsutvikling i kommunar og kva som kan bidra til ein vekst i lokalsamfunn. Eg har også auka min forståing av kommunar si viktige samfunnsrolle for å styrke næringslivet samtidig som ein jobbar med økonomisk og samfunnsmessig berekraft. Det har også vist at prosjektarbeid som dette kan bidra til å løyse samfunnsutfordringar ved å sette lys på berekraft og jobbe med næringsutvikling på ulike måtar.